Tysnesfest 2016 | Lysefjorden Mikrobryggeri

ABV: 4.7%
Style: Pale Ale - American
Tysnesfest 2016 Untappd Rating: 3.64919 / 186
Actively Produced
Description: Lysefjorden Mikrobryggeri kjem igjen til Tysnesfest med eige brygga festival Ale. Edle dråpar for kresne festivalganar. Tysnes har fått namnet sitt etter krigsguden Tyr. Øya mellom Os og Stord har lange tradisjonar både for festivalar og øl. Onarheimsgildet var alt i mellomalderen eit sosialt og kulturelt midtpunkt på Vestlandet, og samburdarøl og samdrykkja var ein viktig del av gildetradisjonane. Tysnesfest har teke opp arven til Onarheimsgildet, med yrande folkeliv på gudeøya. “Ikkje utan deg hadde denne festivalen i sjøkanten vore til”, er slagordet til Tysnesfest. Som med Tysnesfest blir også Lysefjorden Mikrobryggeri dreven fram av entusiastar med dugnadsånd. Bryggeriet har sitt opphav i Lysefjorden i Os kommune. Her finn ein også Lysøen, heimen til Ole Bull, samt ærverdige Lysekloster gard. Samarbeid er drivkrafta bak gode prestasjonar. Årets festivaløl er ein lys frisk ale, med aromahumle frå USA. Ynskjer dykk ei flott festivalhelg!
0 Offering 0 Seeking

Gotta have this beer?

Log in now to find a trade or retail availability near you!

Support BeerXchange

Donate to keep BeerXchange growing and ad free.